Fritz Røed skulpturpark Preview

Access this tour for free

Experience this tour for free. Available through our app.

Download or access the app

iOS Android Web
1

Watermusic

Fritz Røed skulpturpark ligg langs Bryneåna ("Kongo") i sentrum av Bryne og vart opna 1. oktober 2004. Parken er realisert ved hjelp frå lokalt næringsliv, kunstnaren og Rogaland fylkeskommune. "Watermusic" er eitt av hovudverka til Røed og kjøpt av Time kommune frå tidlegare eigar.Parken inneheld opprinnleg ti skulpturar med stor spennvidde i stil og storleik, alle laga av kunstnaren Fritz Røed. Her er humor, alvor, leik og ettertanke. Livsglede i det enkle og det kraftfulle, og stort rom for meiningar og tolkingar.Skulpturane lever saman med parken, med lyset, vêret og årstidene, og er ein unik attraksjon kvar einaste dag. Etter nyopninga av parken i juni 2018 inneheld parken nå også leikeapparat for barn, fontener, fleire benkar, bord og sitjeplassar. I samband med nyopninga vart òg "Vipa" og "Sirkushund" flytta til Rådhuset.

2

Arne Garborg

I høve Garborgjubileet i 2001 vart det teke initiativ til at kommunen skulle reisa ein statue av den store diktaren (1851 - 1924) i Bryne sentrum. Prosjektet vart støtta økonomisk av Time Sparebank og Time Mållag.Oppdraget med å laga monumentet på Bryne Torg vart gitt til Fritz Røed og vart avduka av H. M. Kong Harald V. På sjølve sokkelen til statuen står innleiingsorda til Haugtussa:«Til deg, du hei og bleike myr med bukkeblad,Der hegre stig og heilo flyr, eg gjev mitt kvad.»

3

Lita søndagsprinsesse

Lita søndagsprinsesse - den vesle jenta i finstasen –- er eit symbol på uskulda. Vonleg vil ho fanga interessa til borna, som likar å sjå skulpturar av born.

4

Fanfare

Fanfare – det dristige, mytologiske kentaurspranget inn i eventyret, men òg inn i livet– fylgjer dei mjuke linene i parken. Fritz Røed skulpturpark er ein idé og ei gåve frå bilethoggaren Fritz Røed. Tankane om parken vart presenterte for Time kommune berre ei god veke før Røed døydde, like før jul i 2002. Hans gode ven og kunstnarkollega Skule Waksvik bar ideen vidare i samråd med familien til Røed. Waksvik har vore ein av de fremste pådrivarane for ferdiggjering av skulpturane og arbeidet med parken.

5

Omsorg

Den opne handa – symbolet på den omsorga som vert vist alt levande i parken – og ein honnør til dei som står bak, i første rekke fugleentusiasten Arvid Øglænd, Røed sin mangeårige venn på Bryne.

6

Fred

Fred – monumental skulptur av ei ung kvinne i klassisk positur – er tenkt som eit bilete på harmonien med rytmen til elva som flyt gjennom parken.

7

Memento

Memento – hugs – skal minna oss om å vakta om freden og dei viktige verdiane våre. Også døden må me hugsa – memento mori. Fører tanken til nasjonalmonumentet Sverd i fjell i Hafrsfjord.

8

Gjøglargruppe

Gjøglargruppe. Karnevalet opphevar tida for ei stund. Då er alltid gjøglarane der for å spreia glede og humør. Dei overlever det meste, og dreg stadig til nye stader. Dei minner oss om gleda som ber livet vidare – men òg om alvoret bak dei smilande maskene. Gjøglarane – guten i Pierrotdrakta, jenta på stylter og klovnen - er òg meinte å vera eit symbol på at kunsten overlever det meste.

Fritz Røed skulpturpark
8 Stops